John F. Tonnessen
- kandidat, 41 år
Det er vanskeleg å leve miljøvennleg i forbrukarsamfunnet me har i dag. Mange kvardagslege gjeremål gjer at me må ta val som er upraktiske for oss sjølve, eller er skadelege for natur og miljø. Som folkevald kan eg bidra til å forenkla og forbetra folk sine kvardagar, samstundes som det vert lettare å ta miljøvennlege val. Det er ei politisk oppgåve å gjera det lett for folk å leve berekraftig, slik at naturen og menneska kan leva godt også i framtida. Kommunen som organisasjon må ta store grep for å gjere det same. Det kan skje med Miljøpartiet dei Grøne i kommunestyret.
Som lærar har eg sett korleis yrket har blitt prega av tellekant-tenking, dokumentasjonskrav og ressursmangel. Dette ønskjer eg å snu med auka tilskot og ein tillitsreform i kommunen sine skular, slik dei har gjort i fleire kommuner i Danmark. Lærarane veit best korleis ein skal driva skule. Me må lytta til dei og spørja kva dei treng, ikkje kreva resultater som forvrenger skulekvardagen. Borna må og ha tid og overskot til å fokusera på læring i skulen, og difor bør skulane bli mobilfrie.
Fanesaker: