Madel Regine Carlsen

3. kandidat, 33 år

Yrke: sjukepleiar

For meg har det alltid vore sjølvsagt å gi mi stemme til Miljøpartiet dei Grøne. Frå eg var lita har eg vore oppteken av både dyre- og miljøvern, og no er dette viktigare enn nokon gong. Me ser at dyreartar forsvinn, mellom anna på grunn av menneskleg inngripen i naturen og klimaendringar. Omlag all villmark i Noreg har forsvunne i løpet av dei siste 100 åra. 97 % av dyra til matproduksjon ser ikkje sola i løpet av livet og har ikkje levd i nærleiken av eit “naturleg” liv. Dette er eit resultat av at landbruket er designa for å produsere effektivt for å få rimeleg kjøt. MDG har dei beste tiltaka for verne om både naturen og dyra, slik at vår levemåte ikkje går ut over dei som ikkje har ei eiga røyst.

 

I yrket mitt som sjukepleiar har eg sett dei mange utfordringane som kommunehelsetenesta står i. Kommunen treng å auke grunnbemanninga for å sikre gode og heilskaplege helsetenester, og for å gjere det mogleg for helsearbeidarar å bli verande i yrket. Eg har og erfart at det er eit stort behov for meir kunnskap om helseutfordringar som spesifikt råkar kvinner. Kvinnehelse har låg status i samfunnet og betydninga av kjønn vert ikkje tatt omsyn til i folkehelsearbeidet eller i helse- og omsorgstenesta. Dette vart slått fast av Kvinnehelserapporten (NOU 2023). Eg ynskjer at kommunen skal sette saman ei gruppe som skal jobbe for å heve kompetansen om kvinnehelse blant dei tilsette, og sikre at kvinnehelse blir ein del av utdanninga for framtidige helsearbeidarar.

 

Fanesaker:

  • opprette ei kompetansegruppe på kvinnehelse i kommunen
  • betre arbeidsvilkår og auke grunnbemanninga i kommunehelsetenesta
  • fleire sjukeheimsplassar og heiskapleg eldreomsorg
  • sikre dyrevelferd og miljømangfald